Nynorsk?

mai 13, 2011 § 8 kommentarer

Vi har vel alle fått med oss at Høgre vil gjere nynorsk valfritt i skulen. Og i det høvet har eg no tenkt å slå eit slag for nynorsken.

Eg likar nynorsk. Det er eit flott skriftspråk. (Og for alle som ikkje var vakne nok til å få det med seg under norskundervisinga i grunnskulen, så kan de heilt sikkert finne artiklar om både nynorsk og Ivar Aasen på wikipedia.) Veldig mange brukar nynorskord når dei pratar. Nokre skriv kun på nynorsk. Det hadde jo vore synd om du ikkje hadde lært nok nynorsk til å forstå dei. Tenk på det, du!

Det eg funderar litt på, når nynorsk no liksom skal verte valfritt, er skal bokmål òg bli valfritt? Det er mange menneske i landet som har nynorsk som hovudmål, har eg forstått. For nynorsk er jo ikkje synonymt med sidemål. For nokre er det bokmål som er sidemålet.

Eg kjenner at eg vert litt usikker av alt det her. Tydeligvis har eg ikkje brukt nok tid på å sette meg inn i saka. *gjesp*

Nynorsk er sexy. No kidding. Alle menn seier det, eller dei seier at sognamål er sexy, og det er ganske så nynorsk. Og alle menn som pratar med den dialekta dei har, er sexy. Eigentleg har ikkje dialekt eller målform så veldig mykje å sei. Det einaste som definitivt er usexy, er menneske som går rundt og påstår at «jeg forstår ikke hva du sier, snakk norsk!» når dei snakkar med nokon frå vestlandet. Eg kjenner eg vert litt skjemd.

Det er mogleg dei ikkje hadde nok nynorsk på skulen, kanskje? Truleg treng dei ekstraundervising i faget. Kanskje vi heller skal innføre meir nynorsk i skulen?

(Er jeg seriøs? Er jeg ironisk? Tja, gudene vet.)

Reklamer

Tagged: , , , ,

§ 8 Responses to Nynorsk?

  • mikaoJ sier:

    Det vi treng er ei betre innføring av nynorsk i norskundervisinga. Sidemål i seg sjølv er ikkje viktig; det viktigaste er at norske elevar forstår og kan lesa nynorske tekstar utan problem. Nynorsk må få vera eit språk; eit landsdekkjande og fullgodt språk. Ikkje bare eit skulefag.

    Somme har føreslegi at å velja nynorsk på vidaregåande kan gjeva eleven språkfagspoeng; akkurat som ordninga skulen har med å få realfagspoeng av å velja fysikk og R-matte. Det tykkjer eg er eit strålande forslag.

  • Mammadamen sier:

    Jeg liker også nynorsk. Jeg synes det er vakkert. Og leser gjerne på nynorsk, spesielt poesi. Jeg synes det ofte gjør bedre!

    God helg fra Karianne:)

  • Henrik sier:

    Flott skrevet, herlig at du slår et slag for nynorsken! Jeg satser på at det ikke er ironi 🙂 Ble inspirert, og skrev et innlegg om nynorsk selv…

    Ja, la oss innføre mer nynorsk i skolen!

  • Skulle ønske jeg kunne valgt samisk som sidemål istedet for nynorsk, det er mer aktuelt for meg!
    Og om jeg ikke hadde hatt nynorsk tror jeg nok ikke akkurat jeg hadde hatt problemer med å forstå folk som snakker det, det fins verre «dialekter» :p
    Men det er viktig at vi har om nynorsk på skolen, greit å kjenne til historien for såprket vårt 🙂

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+-bilde

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

What’s this?

You are currently reading Nynorsk? at Sukkerspinneriet.

meta

%d bloggere like this: